Ny rekorddeltaking i andeløpet

Klare for reisa til start i Det store andesleppet. Cruisebåten Arcadia ligg ved Hellesylt kai.

Det store andesleppet i Hellesyltfossen hadde rekordeltaking med 2150 selte lodd. Det heile vart overvaka av Store Kvakk og eit talrikt publikum.

Det 13. andesleppet samla stor deltaking av loddkjøparar. Aldri før har det blitt selt så mange lodd, så om interessa aukar enno meir må nok bonden som transporterar andedeltakarane til start kjøpe større traktorskuffe. I år var den fylt til randen.

På Hydro-taket stod nydøypte Store Kvakk og overvaka det heile, at prost Svein Runde og ordførar Jan Ove Tryggestad plukka opp dei rette vinnarendene. Dei ti første til prosten si hand gav flotte pengepremiar, sju på 1000.- kroner, ein på 3000.- og ein på 5.000.- Hovudgevinsten var i år som tidlegare på 10.000.- kroner, skattefritt slo Eldar Vågan fast. Saman med verdsarvprest og programleiar under Dagane, Morgan Berg kommenterte dei to andesleppet frå startskotet gjekk på Høge bru til siste premieand var henta opp ved mållinja i sjøen ved Hellesylt bro.

Dåp

Men før andeløpet vart den store anda på Hydro-taket døypt. Etter namnekonkurranse mellom publikum vart namnet Store Kvakk. Det var berre få timar sidan prest Morgan Berg hadde døypt eit barn i Sunnylven kyrkje så Eldar Vågan var klar på at han måtte stå for dåpshandlinga. Oppe på Hydro-taket hadde dei henta 30 liter dåpsvatn, så det vart ikkje mogleg med dåp frå døypefonten i Sunnylven kyrkje på ei lang stund, meinte Vågan. Der var ikkje meir vigd vatn å finne. I alle høve vart den store, gule anda som for få daga sidan kom heilt frå Kina, døypt av Morgan Berg til Store Kvakk med tre fulle bøtter vatn, i namnet åt Hellesyltfossen, Sunnylvsfjorden og bygda Sunnylven.

Det var fire namn å stemme på og Store Kvakk fekk 85 stemmer av i alt 249 innleverte. Vinnar av namnekonkurransen vart Matilde Helen Larsen Forsell. Også Julie Driveklepp fekk premie for å ha delteke i namnekonkurransen.

Premievinnarar av andesleppet 2017.

10.000.- kroner: Malin Emilie Taraldset.

5.000.- kroner: Astrid Taraldset

3.000.- kroner: Kåre og Torill Haugen

1.000.- kroner: Tora Kvamme Rusten, Sigfrid Lillestøl, Jostein Hole, Perdy Tronstad Hansen, Laila Lillerovde, Jonas Hole Brekke, Olav Tryggestad.

Premieutdelar var i år som tidlegare prost Svein Runde. Bak står leiar i arrangørlaget for andesleppet, Marianne Fivelstad.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380