Olsokstemne i Hellesylt Bygdetun

Olsokstemne i Hellesylt Bygdetun 2014. (Foto frå arkivet)

Laurdag 29. juli blir det olsokfeiring i Hellesylt Bygdetun. Arrangør er Venneforeininga.

Det blir tradisjonelt opplegg med program og sal av diverse mat og forfriskingar når Venneforeininga arrangerer olsokstemne i Hellesylt Bygdetun laurdag 29. juli. Det heil startar klokka 17.00.

I programdelen vil Tordis Urke lese dikt av mora Solveig Sundgot og fortelje om henne og hennar diktning. Det blir også song og musikkinnslag av lokale aktørar og sjølvsagt sal av rjomegraut, kaffi og kaker. Pris for all god bevertning er kr. 100.- Sal av lodd og utlodding blir også eit høgdepumkt under olsokfeiringa.

Om det skulle bli regn på laurdag 29. juli, møtest vi i løa, skriv arrangøren av olsokstemnet, Venneforeininga i Hellesylt Bygdetuin.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380