Olsokstemne med rekordframmøte
Olsokstemnet i Hellesylt Bygdetun vart arrangert i fint sommarver og med rekordframmøte. Nær hundre unge og eldre tok vegen til tunet ved det gamle våningshuset.
Det å ha utearrangement er alltid spanande. Blir det opphaldsver eller blir det regn, undrast Odd Jostein Bjørdal då han ønska ei stor forsamling vel møtt til olsokstemne i Hellesylt Bygdetun. Dei to siste åra hadde stemnet blitt halde på låven i bygdetunet, men denne gongen var langbordet med fasilitetar dekka på tunet under open himmel. Og dei frammøtte fekk seg servert både tradisjonsmat og gode programinnslag i behageleg sommarver.
I år var det 20. gong på rad at det vart arrangert olsokstemne i Hellesylt Bygdetun. Stemneprogrammet opna med allsong og som ved tidlegare høve var det «Mellom bakkar og berg» av Ivar Aasen som jalla unisont frå den store forsamlinga.
Deretter vart det servering av hovudretten under olsokstemnet, nemleg rjomegraut med alt tilbehør. Kanel, sukker, rosiner og ei god skje smelta smør oppå. Grauten smaka som vanleg og arrangøren hadde som vanleg meir å by på sjølv om alle fekk dugelege porsjonar.
Asbjørn Hetle med song og Oddvar Gausdal, trekkspel bidrog til gode song og musikkinnslag. Det vart gjenhøyr med gamle gode songar som «Sangen til bygda», «Sønnavindsvalsen», «Drømmen om Elin» og fleire. Triveleg underhaldning som også engasjerte publikum i både taktfast klapping og song.
Trykk på avspelingsknappen midt på for å sjå video av «En slant til trikken hjem».
«Sønnavindsvalsen» – Asbjørn Hetle og Oddvar Gausdal.
«Sønnavindsvalsen» – Asbjørn Hetle og Oddvar Gausdal. Framført under Olsokstemnet i Hellesylt Bygdetun 29.07.2017.
Posted by Hellesylt.info on Saturday, July 29, 2017
Tordis Urke har sine slektsrøter frå Bjørdal i Sunnylven. Under olsokstemnet las ho dikt av mor si Solveig og fortalde om henne. Som svært ung måtte ho flytte frå Bjørdal til Blomberg der ho budde i to år grunna smittefare ved alvorleg sjukdom heime. Solveig Sundgot var ei flink skulejente, men det vart garden heime på Bjørdal som vart hemnnar plass livet ut. Då krigen kom møtte ho ein dreng frå Ulsteinvik og snart vart det giftarmål. Inn i mellom arbeidet på garden vart ei stor, vakker diktsamling til. Ho og ektemannen Leif skape ein god heim, sa Tordis som hadde gode minner heimanfrå og som ho heidra med å avslutte kåseriet sitt med diktet «Den mjuke handa».