LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2017

Opna dei 30. Hellesyltdagane

Journalist Dag Idar Tryggestad opna dei 30. Hellesyltdagane frå utescena laurdag 8. juli.

Journalist Dag Idar Tryggestad opna dei 30. Hellesyltdagane laurdag. I rause ordelag fekk heimbygda og arrangøren av sommarfesten god omtale.

Dag Idar Tryggestad var ein av fleire som drog i gong Sommardagar på Hellesylt i 1988, i dag ein av dei store folkefestane på Sunnmøre.

Tryggestad mintes frå fyrste året, etter at sanitetsdamene hadde starta opp med loppemarknad nokre år tidlegare. Sommardagar på Hellesylt skulle det bli, men datoen vart ikkje bestemt. Dei ville vente og sjå om det vart meldt høgtrykk.

No er fyrste helga i fellesferien blitt spikra. Sjølv om det er blitt mange sommararrangement rundt om strøymer folk til Hellesylt, hadde Tryggestad registrert. Han omtala folket i bygda og arrangør som dyktige og trekte fram både idrett, musikk og dugnadsånd som skapande element.

Alltid hadde arrangøren av Hellesyltdagar gobitar å by på, det var blitt sett rekordar i brusflaskestabling og laga potensmiddel av oksetestiklar. Under eit tidlegre arrangement  vart det arrangert strikkhopp, no er det fjellflyging frå Helsetkopen, sa  Tryggestad. Og under kyrkjekonsertane og på utescena har folk fått møte topp artistar, og i det geniale tiltaket med andeslepp i Hellesyltfossen kunne andekjøparar vinne store pengepremiar. Det var så mykje å oppleve og glede seg over.

Dag Idar Tryggestad var raus mot bygda han hadde vakse opp i, og på godt nynorsk var opningsorda frå nestleiaren i Norsk journalistlag ei stor anerkjenning av eit arrangement han ønska måtte leve vidare.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380