På tur Norge på langs.

Jan Arne Jansen med turleiar Wilson til høgre og Anders Helstrum og hunden Obelix har sett over utstyr og supplert lageret før dei om få dagar legg ut på nye eventyretapper og Norge på langs.

To kameratar, Jan Arne Jansen frå Hellesylt og Anders Helstrup frå Oslo bestemte seg for å tilbakelegge Norge på langs. Turen starta i mars frå Lindesnes og no er dei komne til Hellesylt, om lag ein tredjedel av turen.

Det vart mykje planlegging før Jan Arne Jansen og Anders Helstrup kunne legge i veg på si eventyrreise. Turen skulle gjennomførast utan motorisert hjelp, berre til fots, med ski og i kajakk. Turruta vart innteikna både etter landevegen, over fjell, vidder og på fjordar.

Heime ein tur

Starten var 2. mars frå Lindesnes og målet i Vardø langt i nord er i midten av mai neste år. –Vi held tidsskjemaet, fortel dei to då hellesylt.info møtte dei på heimegarden til Jan Arne på Helset. Dit kom dei til helga med Hellesyltdagar etter å ha padla etappa frå Vestkapp i kvar sin kajakk , forbi Ørsta, Hundeidvika og inn Storfjorden. Padleturen tok cirka ei veke.

Supplerer vinterlageret

På Helset har dei depotet av mat og anna utstyr som trengs på turen. No ser dei over og fyller på for reisa vidare. –Vi lagrar alt vi treng her. Så sender vi melding heim og får Martin og Margreta til å pakke og sende til nærmaste postkontor eller ein privatperson der vi er. Det har fungert veldig bra så langt, seier dei to.

Under dagane heime på Helset blir det gjerne litt ekstra på bordet til måltida, men også på turen lever dei godt, påstår dei. Dagleg har dei ferskmat kjøpt på butikk eller fisk dei fangar sjølve, men til vinteren vil måltida bestå meir av frysetørka mat, frukostblanding, sjokolade og kjeks. Matlageret skulle dei supplere med mellom anna 500 vakuumerte energibarrar til vinteretappane.

Invitert på middag

Det har blitt mange opplevingar og minner frå turen så langt, alt berre av det hyggelege slaget. Spesielt har dyr –og fuglelivet vore interessant å sjå med rype og villrein i høglandet og havørn og sel i fjordområda. Alltid har det vore liv å registrere same kvar dei har vore. Og dei har møtt berre hyggelege folk så langt, blitt invitert på kjøttkakemiddag, og i Sogn fekk dei tilbod om lån av bilnøklar for å kome seg til butikken. Dei takka høfleg nei til det, dei ønska å gå litt etter ein lang padletur.

Ingen tannverk

Jan Arne og Anders angar ikkje på at dei starta på turen. -Det er herleg å tenkje på at vi har eit heilt år igjen. Vi har faktisk prata om vi skal søkje om utvida permisjon frå jobbane våre for å gå tilbake frå Vardø.

Turen så langt har vore eit eventyr, difor heiter også bloggen deira for «eventyri.no». Litt forkjøling har dei vore borte i, men ikkje skadar eller tannverk. –Vi har ei tang og ei flaske sprit om tannverk skulle oppstå og bli uuthaldeleg, skjemtar dei to.

Om få dagar legg Jan Arne med «turleiar» Wilson, og Anders med grønnlandshunden og «matros» Obelix i veg på nye etapper nordover. Turen går ut Storfjorden igjen til Ålesund og Molde før Åndalsnes og litt tinderangling rundt om i området ved Trollveggen. God tur!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380