Lokalnytt

Senterpartibussen innom alle fylke

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad var også på Hellesylt då Senterpartibussen kom innom. Her saman med partikollega, SP-leiar Trygve Slagsvold Vedum t.v.

«Nær folk» står det framme på Senterpartibussen som i desse dagar rullar rundt i heile landet. Måndag var bussen innom Hellesylt sentrum.

I løpet av knappe tre veker skal politikarar i Senterpartiet besøke alle landets 19 fylke. Måndag kveld rulla bussen dekorert med bilete av Ålesund på eine sida og eit parti frå Strandadalen på den andre gjennom nettopp Stranda kommune. Etter stopp på utkikkspunktet på Ljøen vart det ein sving innom Hellesylt sentrum for det oppstasa køyretyet. Etterpå gjekk turen til Øvsthaugen og servering av hjortegryte, fekk vi oss fortalt.

Og nettopp nærheita til folk, servering av lokal tradisjonsmat og ein god prat var eitt av hovudpoenga med turen gjennom landet, sa leiaren i Senterqartiet Trygve Slagsvold Vedum. «Vi trur på heile Noreg» stod det med tydeleg skrift etter sida på bussen. Å kome nær folk og gjerne by på ein kopp kaffi gjer at vi lett kjem i prat med folk om det som opptek dei. Nettopp det er noko av det viktigaste med turen, sa partileiaren.

Turen starta i Alta for knapt ei veke sidan, fyrst med fly og så vart det buss frå Nordland og sørover. Bussen har eigen sjåfør,  eigen kokk, og i tillegg til partileiar Vedum også sekretær for SP si stortingsgruppe Karl Kristian Langeland, generalsekretær Knut M. Olsen, og bonde, visesongar og politikar Åsmund Nordstoga.

Nordstoga hadde sett vekk kyrne sine i sommar. Mjølking og anna stell tok ein avløysar seg av. Det var behageleg å ha det slik, nesten så det vart ein uvane han kunne finne på å gjenta også ein annan gong, sa han. Han fekk betre tid og dermed gjekk slåtten raskt unna så no kunne han reise rundt som politikar for Senterpartiet.

I Stranda kommune tok ordførar Jan Ove Tryggestad vel i mot sine partikollegaer. Reisa for Senterpartibussen og passasjerar held fram sørover Vestlandet dei neste dagane.

SENTERPARTIFOLK: Frå venstre Åsmund Nordstoge, Karl Kristian Langeland, Knut M. Olsen, Jan Ove Tryggestad, Trygve Slagsvold Vedum.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380