Ser andesleppet frå Hydro-taket

Arrangøren gjorde eit prøveoppsett før anda skulle på Hydro-taket og skue mot Hellesyltfossen i bakgrunnen. Nesten like bratt og kneisande som Eggane (1320) i bakgrunnen.

I år har Hellesyltdagane fått besøk heilt frå Kina. Det langvegsfarande besøket kom fram i tide slik arrangøren håpa.

Ei stor gul and skal riggast høgt på Hydro-taklet midt i Hellesylt sentrum. Der skal den åtte meter høge plastanda, fylt med luft stå og reklamere for loddsalet til andesleppet. Søndag ser ho sine artsfrendar i mindre storleik konkurrere om raskast ned Hellesyltfossen og ti premiar på til saman 25.000.- kroner.

Kina-gjesten må få eit namn og arrangøren lyser ut ein namnekonkurranse. Den med det beste forslaget får ein premie, lovar Erik Torset i komiteen for Hellesyltdagane. Alle kan vere med å sende inn forslag frå i dag torsdag på arrangøren si facebook-side. Fredag kveld blir det plukka ut fire av dei beste forslaga som publikum under Hellesyltdagane kan stemme skrifteleg på. Vinnaren får varer sponsa av Joker, Rema 1000 eller Europris og blir utropt under premiering av andesleppet søndag kveld.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380