Lokalnytt

Snart klart for Hellesylt hydrogen AS

Frå hydrogenmøtet på Hellesylt til synfaring ved Stadheim kraftverk, frå venstre Terje Engvik, Inge Bjørdal, Oddbjørn Brunstad, Knut Olav Tveit, Lars Petter Øye, Terje Årdal og Thor Gunnar Hovlid.

Selskapet Hellesylt hydrogen AS vil stå for produksjon og distribusjon av energiberaren hydrogen. Ringverknadane blir mange, mellom anna betre økonomi og reinare luft.

Det er lagt ned mykje arbeid i planlegging og informasjon kring hydrogensatsing med utgangspunkt i småkraftverka i Sunnylven. I ei oppsummering av planleggingsarbeidet så langt heiter det at Hellesylt hydrogen AS vil bli skipa der Småkraftforeininga og fleire større aktørar stiller seg bak. Selskapet vil stå for produksjon og distribusjon, men førebels ventar ein på kundane, som eksempelvis ferja mellom Hellesylt og Geiranger.

Sist onsdag vart det halde eit informasjonsmøte om den miljøvenlege nysatsinga som Hellesylt kan få. Til stades på møtet var fleire med tilknyting til småkraftproduksjon. Småkraftforeininga var representert med leiar Knut Olav Tveit og Terje Engvik, Oddbjørn Brunstad frå lokale småkraftprodusentar, Lars Petter Øye, Terje Årdal Stranda Energi, Thor Gunnar Hovlid, Tafjord Kraft, og næringssjef i Stranda Inge Bjørdal.

Tre småkraftverk i Sunnylven har større produksjonskapasitet enn dei får utnytte grunna for dårleg linjenett ut av området. I tillegg har tre nye utbyggingar i Sunnylven fått konsesjon.

Knut Olav Tveit såg moglegheiter for betre lønsemd ved satsing på hydrogen, ein energiberar på lik linje med til dømes batteri. I periodar av året blir det produsert kraft som ingen får nytte av eller betalt for. Ved store kraftverk kan dette kompenserast med oppsamling av vatn i store basseng i fjellet, reguleringar som småkraftverk ikkje har.

Geirangerfjorden er mykje vakrare utan røyken frå båttrafikken, sa Tveit. Difor er hydrogen eit godt alternativ og eit satsingsområde som også Stortinget går for. Men nokon må ta avgjerda om å satse på ei hydrogenferje mellom Hellesylt og Geiranger, meinte Knut Olav Tveit.

Leiaren i Småkraftforeininga hadde registrert at det var blitt gjort mykje godt arbeid alt der næringssjef i Stranda Inge Bjørdal har sett saka på kartet gjennom mange utgreiingar. Produksjonen kan foregå ved kraftverka og deretter blir hydrogen transportert i tankar til brukarane. Alternativet var å legge kraftkabel til kaihuset på Hellesylt med produksjon der, sa Bjørdal.

Hydrogen burde vere eit alternativ, ikkje berre for ferjer, men også for bussar og privatbilar. Og ved produksjon blir det utvikla oksygen som kan nyttast til dømes i oppdrettsnæringa, og varme som eit framtidig hotell på Hellesylt burde kunne nyttiggjere seg av, sa Inge Bjørdal.

Når det gjeld tryggleiken ved hydrogenproduksjon var det ingen grunn til engstelse. Eventuelle fårar vart bestemt avvist både av Knut Olav Tveit og fleire andre.

Etter informasjonsmøtet på Hellesylt var det synfaring og orientering både ved fleire av småkraftverka og om nye utbyggingar som har fått konsesjon.

Synfaring ved Stadheim kraftverk som kom i produksjon i 2002. Frå venstre Knut Olav Tveit, Inge Bjørdal, Oddbjørn Brunstad.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380