Stor trafikk på ferja

Onsdag 19. juli kom endeleg sola og sommarvarmen. Då auka også turistrafikken på ferja mellom Hellesylt og Geiranger.
Det vart full oppstillingsplass for ferjetrafikken på Hellesylt onsdag, og bilkøa strekte seg nesten opp til samfunnshuset på det meste. Det nærmast eksploderte av reisande som ville oppleve Geirangerfjorden i det strålande sommarveret. Klokka var 10.30 då vi møtte billettør Linn Marthe Myklebust Parr i ferjekøa på Hellesylt.
–Vi venta ein god auke av bilturistar då vi såg vermeldinga, men at det skulle bli så enormt var vi ikkje førebudd på. Det har stått igjen bilar på alle ferjeavgangar til no, og vi veit at det blir attståande bilar i alle fall fram til klokka 15.00.