Lokalnytt

Stort skytestemne i Hyttehola

Det nye standplassbygget i Hyttehola.

Sunnylven skyttarlag har teke i bruk ny 200 meters standplass med overbygg i Hyttehola. Eit stort skyttarstemne har pågått i fleire dagar alt.

Tekst/foto: Rune Tryggestad

Hyttehola fleirbruksanlegg er kome under tak. Det har vorte arbeidt dugnad både ”natt og dag” for å få ny 200 m standplass og opphaldsrom so klar at ein kunne bruke bygget som har reist seg i Hyttehola til det store skytestemnet som Sunnylven skyttarlag har arrangert sidan onsdag. Heile sju dagar med skyting før stemnet er over.

Skytterlaget har og fått sett 200 m skivene permanent i konteiner, der ein med motor kan heve dei opp og ned når dei skal brukast. Dette til vern mot ver og vind.

Framleis står mykje arbeid att på bygget utover hausten før alt er på stell og skyttarlaget og idrettslaget har fått ei ny storstove i Hyttehola. Folk er flinke til arbeide på dugnad i Sunnylven, og veit si besøkelsetid, slik at dette vil går fint.

Når det gjeld skyteresultat frå stemne skal vi kome tilbake med dette når stemne er over, men vi kan fortelje at på 200 m er det ein av Norges beste skytterar, Ole Magnus Bakken frå Løiten Skyttarlag som leder pr. søndag med heile 348 (20*) poeng.

På 100 m er det fem som har skote 350 poeng til no. Best resultat av desse so langt er det Sunnylven Skyttarlag sin Kristian Frøysadal Hauge som har med 350 (30*)poeng.

Alle resultat frå stemne og livevisning av kvar enkelt skyttar sine skiver finn de ved å gå inn på Sunnylven Skyttarlag sin heimeside og følgje link derifrå.

Nytt bygg for skivehaldarar.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380