LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2017

Strålande konsert

Konserten med Maria Haukaas Mittet vart ei stor oppleving for 350 i Sunnylven kyrkje.

Hellesyltdagane fekk den starten arrangøren håpa på. Maria Haukaas Mittet samla fullsett Sunnylven kyrkje fredag kveld.

Sommardagar på Hellesylt eller Hellesyltdagane feirar 30 år, men kyrkjekonserten er ti år yngre, sa Geir Frøysa frå arrangør Hellesylt UL då han ønska vel møtt til konserten. Alltid hadde desse konsertane hatt topp artistar. I år var det Maria Haukaas Mittet, av det beste norske artistar har å by på og med deltaking både frå Idol, Stjernekamp, Skal vi danse og Melodi Grand Prix, sa Frøysa.

I sin solgule kjole dekorert med glitrande gull sjarmerte Maria Haukaas Mittet frå fyrste song under konserten i Sunnylven kyrkje. Og kjende viser kom tett, alle på norsk og av visekunstnarar frå den nordlege landsdelen, mellom anna av Trygve Hoff og Ola Bremnes. – Vi må ta vare på songskatten og språket vårt sa Maria til hellesylt.info etter konserten.

Og den vel timelange konserten vart ein minnerik konsert, ikkje berre for 350 i kyrkjebenkane, men også for artisten sjølv. Å synge i den vakre sunnylvskyrkja for så mange var ei oppleving, tykte Maria Haukaas Mittet. Det var fyrste gongen ho var på Hellesylt, men hadde hatt konsertar i nærområdet, på Stranda, i Stryn, Volda og Ørsta. Sommardagkonserten på Hellesylt saman med musikarane Bernt Rue Stang på strengeinstrument og Frode Manger på tangentar var den siste før ferien.

Maria Haukaas Mittet var ein artist med eit smittande humør og fekk den store forsamlinga med i allsongen og rytmiske bevegelsar i «Har en drøm» av Trygve Hoff. Og konserten steig til nye høgder i samsong med ungdomskoret Joyful. «Har du fyr» og «Gabriellas song» var det siste på det offisielle repertoaret, men etter langvarig applaus vart det ekstranummer slik publikum krevde.

Gåva til Maria Haukaas Mittet var eit bearbeida saueskinn frå fjellgården Øvre Ljøen, ei gåve artisten sette pris på. Arrangøren delte ut gåver også til dei to musikarane og leiarane for Joyful.

Saman med Joyful avslutta Maria Haukaas Mittet konserten i Sunnylven kyrkje.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380