Vann gull i undervannsrugby

Siri Korsbrekke vann EM-gull i undervannsrugby og vart toppskårar på det norske laget.

Siri Korsbrekke frå Ålesund, men med slektsband frå Hellesylt var med på det norske damelaget som vann EM i undervannsrugby laurdag 1. juli.

Finalen i undervannsrugby for damer gjekk i Helsinki, Finland der Norge vann 2-0 mot Tyskland. På laget var mange spelarar frå Molde og tre frå Ålesund, mellom dei Siri Korsbrekke.

Siri som har far og slektsband frå Korsbrekke i Sunnylven har spela undervannsrugby i mange år og er mellom dei beste i landet. Mellom anna har det blitt VM-tittel med NTNUI for klubblag og i 2015 vart det VM-sølv med Norge under meisterskapen i Colombia.

Laurdag vann det norske damelaget EM mot Tyskland. På vegen mot gullet var Siri med på å donke ut Tyrkia 7-0, Finland 1-0 og Danmark 10-0. I semifinalen slo laget Sverige 3-0 og til slutt Tyskland 2-0 i finalen. Siri skåra fem av måla og var toppskårar på det norske laget.

Også det norske herrelaget tok heim EM-tittelen etter 1-0 over Danmark.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380