Notiser

Vart Midt-norsk meister for lag

Laget som vart Midt-norsk meistrar på bane. Frå venstre Ole Johan Djupvik, Andreas Riksheim Oldeide, Bjørnar Rasmusen og Kristian A. Frøysadal Hauge. (Foto: Rune Tryggestad)

Over 400 deltok i årets Midt Norske meisterskap i skyting i Rissa i Trøndelag. Der var også Sunnylven skyttarlag representert.

Av Rune Tryggestad

Sunnylven Skyttarlag sin storskyttar i kl Eldre Rekrutt 14-15 år, Kristian Frøysadal Hauge hadde ikkje innertreffa på si side denne gongen. Det vart fjerde plass både på felt og baneskytinga med fullt hus og same poengsum som vinnarane, men rangert bak på innertreff.

Kristian skaut og på laga til Sunnmør Skyttarsamlag som vart Midt Norske Meistrar i lagskyting for ungdom, både på felt og på baneskyting.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380