Vinnarar av fotokonkurransen

Roger Liavåg til høgre og Tor Arne Åsen vann kvar sin kategori under fotokonkurransen. Vidare ser vi juryemedlem Arild Ringdal og Eldar Vågan

Roger Liavåg og Tor Arne Åsen vann kvar si klasse i fotokonkurransen som vart arrangert under Hellesyltdagane.

Arrangøren har dei siste åra lyst ut fotokonkurranse under Hellesyltdagane der det blir konkurrert om beste bilete av eit bestemt motiv. I år var fyrste  motiv bilete av Hellesylt, og det andre eit situasjonsbilete frå Hellesyltdagane.

Roger Liavåg har vunne i fotokonkurransen tidlegare og stakk av med premien også i år i kategori Hellesylt. Liavåg hadde teke bilete av badehuset og området der, eit bygg Hellesylt er kjent for og som for om lag 20 år sidan vart kåra til Stranda kommune sitt kulturminne. Hellesylt UL som er eigar held huset godt vedlike.

Kategori Hellesyltdagane vart vunne av Tor Arne Åsen som i biletet sitt hadde fanga inn plastikkanda Store Kvakk, ferja på veg ut fjorden og ein måse vaglande i framgrunnen. Eit flott bilete som juryen Arild Ringdal og Jostein Ringdal lika aller best av fleire innsendte forslag.

Begge fotografane fekk kvar sin pengepremie og ein plakat med ord og uttrykk frå Sunnylven for blinkskota.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380