Lokalnytt

Bygdafest i Øvre Ljøen Amfi

Bandet Fossedur, frå venstre Olav Elling Gausdal, Jostein Ringdal, Knut Hanssen, Oddvar Gausdal, Bjarne Sjåstad.

Bandet Fossedur spelar til underhaldning på Fjellgården Øvre Ljøen Amfi laurdag 26. august. Billettar blir å få kjøpt ved inngangen.

Det blir varierte og svingande rytmer når dei fem karane i det lokale musikkbandet Fossedur inntek scena i Amfiet på Øvre Ljøen siste laurdag i august. Med fjella, Sunnylvsfjorden, Korsfjorden og Geirangerfjorden som innramming på eit fantastisk landskap, blir ein tur til Ljøen eit minne i seg sjølv. Mindre blir ikkje opplevinga når rytmene svingar frå fem speleglade menn og med akustikk frå bergveggar som omkransar konsertstaden. Repertoaret har stor spennvidd, frå Hellbillies og Åge Aleksandersen til andre store «landeplager» frå norsk, svensk og anna internasjonal popmusikk.

Bygdafesten som arrangøren kallar det er siste konserten i år, står å lese på facebook. Så nytt høvet og få eit siste triveleg treff på sommaren som er på hell.

Medlemane i Fossedur er; Olav Elling Gausdal, gitar og vokal, Knut Hanssen, gitar og vokal, Oddvar Gausdal, trekkspel, Bjarne Sjåstad, bassgitar og vokal, Jostein Ringdal, slagverk.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380