Fekk informasjon om hydrogensatsing

Fredric Holen Bjørdal t. v. er stortingsmann for Arbeiderpartiet og stiller til attval. Onsdag fekk han orientering om planar for hydrogenproduksjon på Hellesylt. Her saman med varaordførar i Stranda og leiar i Stranda Ap, Arild Ringdal.

Andrekandidat for Arbeiderpartiet til Stortinget frå Møre og Romsdal, Fredric Holen Bjørdal var på Hellesylt onsdag. Der fekk han orientering om planane for hydrogenproduksjon.

Fredric Holen Bjørdal (Ap) frå Ørsta har ein periode som stortingsrepresentant bak seg og stiller for ny tillit 11. september. Som andre kandidatar reiser han rundt i fylket for å setje seg inn i saker som er aktuelle.

På eit møte onsdag fekk Fredric Holen Bjørdal grundig informasjon og høyre om planane for produksjon og bruk av hydrogen på Hellesylt. Der var også næringssjef i Stranda Inge Bjørdal, varaordførar Arild Ringdal, Einar Haram, Frode Wærøy, Lars Petter Øie, og Oddbjørn Brunstad.

Næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal presenterte planane frå aksjeselskapet som er under skiping. Arbeidet er komne langt, men no ønskjer Hellesylt hydrogen drahjelp økonomisk for å kome i gong.

Jobbar for ny ferje

-Å få i gong ei ferje på hydrogen mellom Hellesylt og Geiranger var hovudmålet, sa næringssjefen. Sjølv om det har vore mange oppslag i media om røyken frå båttrafikken, trudde ikkje næringssjefen det var umiddelbar fare for å miste Verdsarvstatusen for området, men ingen var tent med å få eit dårleg rykte på grunn av røyk og ureining. Difor vart det no jobba med å få på plass ei ny ferje med miljøvenleg drivstoff.  Strekninga Hellesylt – Geiranger er for lang for batteridrift, men ideell for uttesting av hydrogendrift.

Pilotprosjekt

I Sunnylven er der såkalla innelåst energi, løyve til å produsere meir elektrisk kraft enn ein får levert, sa Inge Bjørdal. Å nyttiggjere seg dette i hydrogenproduksjon ville skape næringsutvikling som igjen ville reduserte utslepp frå båtar og andre køyrety. Det ville gje økonomisk gevinst, ei nasjonal klimasatsing og auke attraksjonen av Verdsarvområdet. -Prosjektet blir sett på som eit pilotprosjekt, godt utgreidd og som Småkraftforeininga vil støtte, sa Bjørdal.

Døropnar

Oddbjørn Brunstad, dagleg leiar ved Ringdal kraftverk orienterte om eksisterande kraftverk, og fortalde at tre nye kraftverk har fått konsesjon. Det same har ei ny overføringslinje mellom Tryggestad og Tomasgard i Hornindal. Hydrogenproduksjon er miljøvenleg, og døropnaren for produksjon på Hellesylt vil vere ein langsiktig avtale med eit ferjeselskap. Då vil også fyllestasjon for andre køyrety kome, sa Brunstad.

Einar Haram i Sunnmøre regionråd var utolmodig etter å få i drift ei hydrogenferje, men minte også om at 4800 bussturar går årleg mellom Geiranger og Hellesylt. Han sakna engasjement frå fylkespolitikarane.

-Få med fylkespolitikarane

Stortingsmann Fredric Holen Bjørdal var samd i at fylkespolitikarane måtte på bana. –Arbeiderpartiet har hydrogensatsing som del av sitt program. Vi har ikkje bestemt kva drivstoff vi må satse på, men både batteri og elektrisitet kan vere løysing. Vi veit ikkje nok endå, men når vi tek over departementet i september får vi oversikt. Personleg har eg god tru på slik lokal produksjon for ferje og bussar. Få med fylkespolitikarane, då kan det bli raskare framdrift av prosjektet. Vi skal gjere jobben med at hydrogen skal vere ein del av Norges energiproduksjon. Fornybar energi er framtida sjølv om det ikkje er økonomisk mest lønsamt no, sa Fredric Holen Bjørdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380