Feltmedalje til Dag Andre Hauge

Dag Andre Hauge skaut seg til feltmedalje på grovfelten.

På dagens grovfelt finale under Landsskyttarstemnet vart det ei ny medalje til familien Hauge.

God skyting av sunnylvsskyttarane også i dagens grovfelt finale for senior kl 3-5. Dag Andre Hauge hadde med 29 treff frå innleiande skyting, og med 11/8  i finalen vart det 40/8 treff og 35 plass. Han kapra dermed den høgthengande feltmedalja.

Kjell Oddvar Frøysa hadde og 29 treff frå innleiande skyting og med 10/1 treff vart det 39/1  og 148. plass.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380