Førehandsrøysting til Stortingsvalet

Stortingsvalet 2017 er måndag 11. september. I Stranda kommune er det høve til førehandsrøysting fram til og med 08. september.

På desse stadane i Stranda kommune er det høve til førehandsrøysting i perioden 10.08 til 08.09 for Stortingsvalet 2017, melder kommunen på si nettside;

Servicekontoret, Øynasenteret, Stranda            kl. 09.00 – 15.00

Biblioteket på Stranda, Storfjord Kulturhus,       i opningstida

Sparebanken Møre, Hellesylt                             kl. 10.00 – 15.00

 

Også bebuarar ved omsorgssentra i kommunen får høve til å førehandsrøyste;

Liabygda omsorgssenter,                            fredag 25.08 – 17           kl. 14.00 – 15.00

Geiranger omsorgssenter,                           fredag 25.08 – 17           kl. 16.00 – 19.00

Stranda omsorgssenter,                            måndag 28.08 – 17          kl. 11.00 – 13.00

Stranda omsorgssenter, Solbakken,         måndag 28.08 – 17          kl. 15.00 – 16.00

Sunnylven omsorgssenter                          tysdag 29.08 – 17           kl. 11.00 – 12.00

Stemmerett til Stortingsvalet har alle over 18 år, budd i Norge dei siste tre åra, er norske statsborgarar, er folkeregistrert og ikkje mista stemmeretten, i følge Wikipedia.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380