Fossedur på Ljøen

Bandet Fossedur på scena under Hellesyltdagane 2017. Frå venstre Olav Elling Gausdal, Jostein Ringdal, Knut Hanssen, Oddvar Gausdal, Bjarne Sjåstad.

Øvre Ljøen Amfi bør vere treffstaden laurdag 26. august. Der blir det svingande underhaldning frå bansebandet Fossedur.

Det blir varierte og svingande rytmer når dei fem karane i det lokale musikkbandet Fossedur inntek scena på Fjellgården Øvre Ljøen Amfi i morgon laurdag. Med fjella, Sunnylvsfjorden, Korsfjorden og Geirangerfjorden som innramming på eit fantastisk landskap, blir ein tur til Ljøen eit minne i seg sjølv. Mindre blir ikkje opplevinga når rytmene svingar frå fem speleglade menn og med akustikk frå bergveggar som omkransar konsertstaden.

Repertoaret har stor spennvidd, kan frontfigur i bandet, Olav Elling Gausdal fortelje. –Det blir ei god blanding norsk og engelsk frå folkrock-landskapet, og så skal vi ein tur innom Irland med våre akustiske, elektriske gitarar, banjo og slagverk. Litt svenske viser og trekkspel er også i repertoaret. Med andre ord ei god blanding av kjente «landeplager» frå norsk, svensk og anna internasjonal musikk, seier Gausdal og legg til;

-Ein må velje seg eit repertoar og det vi kjem med til Ljøen er det som ligg oss nærmast. Veret lovar bra og då håper vi det blir godt frammøte, ikkje minst for arrangøren sin del. Og så er det også mykje kjekkare å spele når det er mykje folk til stades.

Bygdafesten som arrangøren kallar det er siste konserten i år. Nytt høvet og få eit siste triveleg treff på sommaren som er på hell. Billettar blir å få kjøpt ved inngangen, får vi opplyst av Bonsaksen, eigar av amfiscena på Ljøen og arrangør av musikkfesten.

Medlemane i Fossedur er; Olav Elling Gausdal, gitar og vokal, Knut Hanssen, gitar og vokal, Oddvar Gausdal, trekkspel, Bjarne Sjåstad, bassgitar og vokal, Jostein Ringdal, slagverk.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380