Kvigene i Vatnedalen.

Dei hadde ein flott dag dei fire kvigene i Vatnedalen fredag, men var ikkje heilt glade i folk.
Fire kviger i Vatnedalen i Frøysadal hadde gjort som landbruks –og matministeren sa, dei hadde teke i bruk utmarka høgt til fjells for å beite. Oppe ved vatnet, 800 meter over havet fann dei tydeleg vis godt og næringsrikt gras. I alle fall var dei i godt hald og blanke og fine å sjå på.
Mindre bra var at oss turgåarar var dei ikkje særleg glade i, då trekte dei kjapt unna. Dei kan fortsatt ha mange late og fine dagar i Vatnedalen, i alle fall var det nok av gras å finne.