Landsskyttarstemnet i Førde

Ivar Fivelstad, Sunnylven skyttarlag.

Sunnylven skyttarlag er i finalen i lagskyting under Landsskyttarstemne i Førde. Meisterskapen held fram med fleire gode resultat av skyttarar frå Sunnylven.

Av Rune Tryggestad. (Foto DFS)

Baneskyting kl 5

Ivar Fivelstad skaut gode 147+97 poeng i dagens baneskyting i kl. 5. Med 244 poeng ligg han på 43 plass før torsdagens finale.

Lagskyting. 

For fyrste gong kvalifiserte Sunnylven skyttarlag seg til torsdagens finale i lagskyting på Landsskyttarstemne. Her er det to skyttarar på 100 m og to skyttarar på 200 m som er teljande. Isak Frøysadal Hauge skaut 249 p og Kristian Frøysadal Hauge 249 p på 100m . På 200 m skaut Trygve Aaland Tryggestad 239 p og Ivar Fivelstad 244 p. Dette heldt til 25 plass av dei 43 laga som får skyte finale. Best i kvalifiseringa var Jondalen Skyttarlag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380