NM-gull og sølv i Førde
Litt av ein dag for sunnylvingar på Landsskyttarstemnet i Førde. Der sankar unge idrettsøvarar frå Sunnylven skyttarlag NM-tittlar, blomar og metall.
Torsdag 3. august starta med at unge Kristian Frøysadal Hauge gjekk heilt til topps i NM skogsløp med skyting i klasse Eldre rekrutt. Sølvet gjekk til Jens Henrik Hegg, frå Hegg Skyttarlag.
Seinare torsdag vart det ny NM-medalje til Trygve Aaland Tryggestad som kom i mål til sølv i klasse senior i skogsløp. Her gjekk gullmedalja til Ole Martin Erdal, Førde skyttarlag.
Vi håper å få meir informasjon frå løpa til dei medaljesankande sunnylvingane etter kvart. Vi gratulerer så mykje!
SISTE FRÅ FØRDE.
Ny medalje til ung storskyttar frå Sunnylven skyttarlag. Isak Frøysadal Hauge vart nummer to og vann sølvmedalje på bane i klasse Rekrutt torsdag. Isak fekk poengsummen 347, eitt poeng etter vinnar Caroline Finnestad, Lund skyttarlag. På tredje plass kom Ine Sørensen, Spydeberg 346 poeng.