LokalnyttLokalsport

Nye «kuler» i svarten.

Ivar Fivelstad, 21. plass på 200 m. bane og sjuande stjerne på Landsskyttarstemne.

Etter ein stor dag under Landsskyttarstemnet i Førde gjekk nye kulene i svarten også fredag for skarpskyttarane frå Sunnylven skyttarlag.

Av Rune Tryggestad.

God skyting av både Ørjan og Isak Frøysadal Hauge i dagens finfeltfinale i klasse Rekrutt

Med utgangspunkt på 29 treff, eit treff bak dei aller beste på 30, vart det 11/7 treff på Ørjan og ein flott 51. plass samanlagt av dei 300 deltakarane i rekruttklassa.

Storebror Isak, sølvmedaljevinnar frå gårsdagens banefinale, også han med 29 treff frå innleiande skyting klemte til med 12/6 i finalen  og skaut seg opp 20 plassar til ein kjempeflott 21 plass.

Sterk plassering og stjerne

På gårsdagens banefinale på 200 m i kl 3-5 vart det 344 poeng på Ivar Fivelstad og 21 plass av dei 1613 skyttarane i klasse 3-5. han fikk sin 7 stjerne på Landsskyttarstemne. Flott prestasjon av den dyktige sunnylvsskyttaren.

Seinare i ettermiddag er det grovfeltfinale i NM felten for Dag Andre Hauge og Kjell Oddvar Frøysa.

Det har vore eit strålande LS for Sunnylven Skyttarlag-

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380