Nytt skuleår i gong

Måndag var fyrste skuledag ved Sunnylven skule og til fyrste time samlast alle i gymmsalen til velkomstsongar og orientering.

Måndag var det skulestart i Stranda kommune. Ved Sunnylven skule var elevar og tilsette samla til fyrste time i gymmsalen.

Mangeårig lærar ved Sunnylven skule, Roar Seljeset er tilsett som rektor ved Sunnylven skule. Måndag 21. august ønska han elevar og tilsette vel møtt til eit nytt skuleår.

–Det skal bli eit godt skuleår for alle. Vi er meir enn klare til å ta fatt, for no har vi jobba og førebudd oss ei god stund til skulestart, sa Seljeset mellom anna. Han håpa alle hadde hatt ein fin sommar, men no var det slutt på å sove lenge kvar morgon og ha «late» dagar, la han til litt i både skjemt og alvor. Han gratulerte alle med dagen, også dei fire fyrsteklassingane som hadde sin fyrste skuledag. Samlinga i gymmsalen opna med songen «Fyrste dag i 1. klasse», og vart avslutta med «Fyrste skuledagen min».

Elevtalet ved Sunnylven skule er i år 74. I småskulen går 25 elevar, 25 er ved mellomsteget og 24 ved ungdomssteget. Rektor Roar Seljeset har fått tre nye lærarar mellom dei tilsette, Marthe Hjellbakk Hole, Liv Norunn Langeland og Vibeke Wågsæther.

Roar Seljeset frå Hornindal vart tilsett som lærar ved Sunnylven skule i januar 1992. No er han rektor ved skulen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380