Ønskjer møte om forureining frå skipstrafikk

(Illustrasjonsfoto frå arkivet)

Aurland og Stranda hamnevesen har i brev til både Klima –og miljøverndepartementet og til Sjøfartsdirektoratet bede om møte for å drøfte tiltak mot forureining frå skipstrafikk i norske fjordar.

Klima –og miljøvernminister Vidar Helgesen fekk for litt sidan brev frå ein engelsk turist der vedkomande hevda lufta i Geiranger var forureina og til ubehag grunna utslepp frå cruiseskip.

No har styreleiarane i Aurland Hamnevesen KF, Noralv Distad og i Stranda hamnevesen KF, Olav Bratland sendt brev til både Sjøfartsdirektoratet og til Klima –og miljøvernministeren og bede om møte for å drøfte tiltak for redusert forureining frå skipstrafikk.

I brevet skriv dei to styreleiarane at nye og strengare miljøkrav må etter deira syn vere nasjonalt og gjelde alle områder i norske farvatn. Dette slik at ein får reell miljøeffekt og unngår ei uheldig konkurransevriding.

-Våre kommunar er opptekne av å få til gode miljøløysingar, samstundes som vi kan sikre gode naturopplevingar for våre gjestar og oppretthalde lokal næringsutvikling, heiter det mellom anna i brevet til avdelingsdirektør Bjørn Egil Pedersen i Sjøfartsdirektoratet. Natur og miljø er eit konkurransefortrinn som Verdsarvfjordane ønskjer på behalde, difor er det viktig å finne løysingar på klimaforureiningar, står å lese i breva.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380