Lokalnytt

Quiz på Peer Gynt galleriet

Det blir ny runde Quiz på Peer Gynt galleriet fredag 1. september.

Fredag 1. september blir det Quiz på Peer Gynt galleriet, Hellesylt. Spørsmåla blir frå den nære fortid, seier quiz-master Arild Ringdal.

Fredag 1. september er fyrste jaktdag for alle hjortejægerar. Arrangøren har kalla kunnskapstesten for hjorte-quiz og håper at også dei ivrigaste jægerane møter fram på Peer Gynt galleriet og blir med på haustens fyrste quiz.

Arild Ringdal og Egil Røyrhus kjem med 40 spørsmål i to bolkar, vanleg allmennkunnskap og frå den nære fortid, lovar dei. Ingen treng vere ekspertar på noko for å delta, seier Ringdal. Det blir spørsmål om sport, geografi, musikk og sjølvsagt politikk etter som Stortingsvalet nærmar seg. Dørene opnar kl. 19.30 og Quiz-en startar kl. 20.00.

Arild Ringdal seier at ein tek sikte på å arrangere to Quiz-kveldar til ved Peer Gynt galleriet i år. Ein i haustferieveka rundt 10-15 oktober, og ein i jula. Datoar er ikkje bestemt, men blir kunngjort på hellesylt.info.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380