Samlagsstemne Sykkylven

Skyttarar frå Sunnylven skyttarlag har hatt ein flott sesong utandørs i 2017.

Sunnylven skyttarlag sine utøvarar avslutta ein «smellgod» sesong utandørs med Samlagsstemne i Sykkylven laurdag 12. august. Også der markerte fleire av skyttarane seg høgt på premielistene.

Skyttarane frå Sunnylven avslutta sesongen på Sunnmøre utandørs med samlagsstemne i Sykkylven. Her skaut Ivar Fivelstad til sølvmedalje bak Trine Ramsvik Stette frå Engesetdal og Skodje skyttarlag i senior KL 3-5. Fivelstad har hatt sin beste sesong på fleire år.

I klasse Eldre Rekrutt tok Kristian Frøysadal Hauge, nær sagt som vanleg gullet med nok ein gong 350 poeng. Han har blitt stabil som toppskyttar denne sesongen. I klasse Rekrutt vart de 4 og 5 plass til Isak og Ørjan Frøysadal Hauge. Vinnar vart Robin Lade Lie frå Sykkylven Skyttarlag.

Stang: Nr. 3. Ivar Fivelstad (19)

Lagsskyting senior: Nr. 2. Sunnylven skyttarlag 286. Dag Andre Hauge (95), Nils Olav Frøysa (96), Ivar Fivelstad (95)

100 meter bane, R 11-13 år: Nr 4. Isak Frøysadal Hauge (336), Nr. 5. Ørjan Frøysadal Hauge (334)

V. 73: Nr. 5. Oddmund Fivelstad

200 meter bane: Nr. 2. Ivar Fivelstad (242), Nr. 9. Dag Andre Hauge (235), Nr. 12. Nils Olav Frøysa (233)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380