LokalnyttLokalsport

Sterke motbakkeløp av sunnylvingar.

Desse fire frå Sunnylven IL deltok i Stranda fjord trail race 2017. Frå venstre Anniken Hjellbakk Hole, Linn Helene Brekke, Hege Ringdal, Tarjei Korsbrekke. (Foto: Privat)

Fleire bakkeklyvarar frå Sunnylven IL har vore i aksjon i dag laurdag 19. august. Alle har hevda seg godt mellom både internasjonale og nasjonale løparar.

På Stranda vart fjelløpet Fjord Trail Race arrangert, både i lang løype på 33.0 km. og mange høgdemeter, og kort versjon frå Stranda sentrum til toppen av Roalden.

Vi tek med resultat for løparar frå Sunnylven IL. Anniken Hjellbakk Hole deltok i den lange løypa og vart nr. 3. på sterke 5.36.08. Vinnar i dameklassa vart Henriette Albon, Varegg IL, 5.09.47, og med Bodil Ryste, Gaular IL på andre plass, 5.24.21. Linn Helene Brekke kom på 22.plass, 6.41.44.

Anniken Hjellbakk Hole sprang i mål til tredje plass i den lengste løypa og fekk for det ein fin pengepemie. (Foto: Privat)

Jonathan Albon, Bergen vann klassa for menn på 4.05.40. Her deltok også Tarjei Korsbrekke og kom i mål på 7.07.09.

Hege Ringdal kom på andre plass i kort løype, 1.40.39. Vinnar vart Astrid Olavsdottir, 1.39.45.

Skåla Opp

Også Skåla Opp vart arrangert laurdag 19. august og der deltok mellom mange Kari-Anne Tryggestad Ryste. Ho kom i mål på toppen av det vel 1800 meter høge fjellet på 2.04.30 og til 7. plass i K 50-54. Sunnylven –løparen var 24.42 bak klassevinnar Inger Dagny Saanum.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380