Lokalnytt

«Sveletur» på Verdsarvfjorden.

Turistferja Veøy tok pensjonistar og tilsette ved Sunnylven omsorgssenter med på tur på Verdsarvfjorden tysdag.

Tysdag 29. august var det ferjecruise for 19 bebuarar og reiseleiarar frå Sunnylven omsorgssenter. Med turistferja Veøy gjekk turen fram og tilbake på Verdsarvfjorden.

Tysdag kom med godt Vestlandsver, litt regn, litt sol og litt vind. Det stoppa ikkje reiselystne pensjonistar frå Sunnylven omsorgssenter, for dei var invitert på den årlege gratisturen, sveletur frå Hellesylt til Geiranger og tilbake.

Fekk ferjemeny

Som alltid vart det ei flott reise mellom mektige fjell, brusande fossar og framleis grøne lier. Om bord i gamle, gode Veøy, bygt tidleg på 70-talet surra det framleis godt på fleire språk også siste tysdagen i august. Her vart alle tekne i mot på beste måte av mannskapet og hjelpte opp frå bildekk til salongen der utsikta var storslagen.

Og ferjemenyen let ikkje vente lenge på seg og svelene fall i smak. Det same gjorde kaffien, rikeleg til alle. Diskusjonen med sidemannen var korleis svela skulle haldast under etinga. Ein viss komikar hadde visst forklara også det litt greinalaust ein gong, meinte sidemannen.

Trond Espeseth, frå Herøy underheldt pensjonistane med fleire songinnslag.

Songinnslag

Ved kai i Geiranger fekk pensjonistane ei hyggeleg overrasking då ein av mannskapet, Trond Espeseth frå Herøy stilte opp og song. Ikkje berre ein, men tre songar vart det etter applaus og oppmoding. Og songen inspirerte til nye tonar godt på heimveg. Då vart det Ivar Aasen sin «Mellom bakkar og berg» som tona ut unisont frå fleire.

Ut oktober

Det har vore ein god sommar for dei to ferjene Bolsøy og Veøy mellom Hellesylt og Geiranger, det er klart alt no. I alle fall har ikkje prisen ført til nedgang, heller auke, stadfesta mannskapet. Men no er sesongen på hell, for Veøy går sine siste turar torsdag 31. august og då takkar dette mannskapet for seg i sommar:

Kaptein Per Christian Reite, overstyrmann Ole Knud Bonnez, maskinsjef Louis Solheim, kokk Andreas Aspevold. kiosk Ericka Morantes, Trond Espeseth, matros Øystein Pettersen, Stig Rødset. Bolsøy held fram i ruta ut oktober.

Framme i salongen fekk pensjonistane god utsikt på ferjeturen.

Gratis ferjetur for pensjonistar er eit flott tiltak av selskapet The Fjord. Kor mange slike turar det har blitt opp gjennom åra er ukjent, men også skular og barnehagar i Verdsarvområdet har fått og nytta seg av gratisturen på Verdsarvfjorden.

Jan Erik Øksvang tykte svelene var gode.
Mannskap og passasjerar i styrhuset på Veøy. Frå venstre Jorunn Trøen, Oddmund Helset, overstyrmann Ole Knud Bonnez, kokk Andreas Aspevold, maskinsjef Louis Solheim, Jan Erik Øksvang, Kathleen, kaptein Per Christian Reite, Arnfinn Tryggestad.
I land på Hellesylt igjen etter nok ein fin ferjetur.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380