Toyotacup finale Nordfjord

Frå Sunnylven skyttarlag deltok fleire i finalen i Toyota Cup. Her er nokre, bak frå venstre Dag Andre Hauge, Ivar Fivelstad. Framme Isak, Ørjan og Kristian Andre, Alle Frøysadal Hauge. (Foto: Kirsti Frøysadal Hauge)

Haugen skyttarlag var arrangør av finalen i Toyota Cup. Alle opne skytestemne på bane og felt i Nordfjord samt Hytteholestemnet  i Sunnylven danna grunnlaget for kven som er kvalifisert til finalen

Av Rune Tryggestad.

Også i Toyota Cup viste skyttarar frå Sunnylven skyttarlag å markere seg.

I senior kl 5 på 200 m vart det sølv på Ivar Fivelstad frå Sunnylven Skyttarlag bak vinnaren  Ole Arild Aa frå Hyen Skyttarlag

Vinnar i senior kl 4 vart Dag Andre Hauge, Sunnylven Skyttarlag  med Ola Vangen frå Stranda Skyttarlag på 2. plass. Nils Olav Frøysa også han frå Sunnylven kom på 5. plass

Klasse Eldre Rekrutt på 100 m vart vunne av Kristian Frøysadal Hauge, Sunnylven Skyttarlag også her med 350 poeng . Nr 2 vart Vegard Taklo , Hundeide Skyttarlag. På 3. pl. kom Martine Sve, Stranda Skyttarlag.

Isak Frøysadal Hauge, Sunnylven Skyttarlag gjekk til topps i Klasse Rekrutt med broren Ørjan på 4. plass.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380