Lokalnytt

Balmoral avslutta cruisesesongen på Hellesylt

13. september løyste driftssjef Inge Hole og hans medhjelparar trossene for siste gong denne sesongen. I båten Bente Bonsaksen og Ivar Sakarias Sæter.

Cruisebåten Balmoral var siste ved Hellesylt cruisekai denne sesongen. Etter fire timar onsdag 13. september vart trossene løyste og båten stevna mot Geiranger.

Anløp ved Hellesylt cruisekai har i år vore om lag som tidlegare. Av 110 båtar har 93 lagt til kai, medan fem anløp vart kansellert grunna vinterstengt veg på Geirangerfjellet i mai, fortel driftssjef i Stranda Hamnevesen KF Inge Hole. Han synest det har vore ein god sesong, og aller best at alt har gått prikkfritt utan uhell av noko slag, slik det har gjort alle sesongar etter at Hellesylt cruisekai vart opna i 2012.

Ønskjer utvida sesong

Hole kunne godt tenkt seg at båtanløpa vart litt meir spreidde og sesongen utvida, for det er ofte hektisk i juli/august med tre, fire båtar enkelte dagar, seier han. Og kanskje får driftssjefen ønsket sitt delvis oppfylt alt neste år. Då kjem Balmoral igjen som fyrste båt til Hellesylt 13. mai og vil ligge ved Hellesylt cruisekai frå klokka 07.30 til 14.30. Hole kunne tenkt seg at båtar kom enno tidlegare, men då er det usikkert om vegen er opna etter vinteren. Siste båt til Hellesylt neste år kjem så seint som 25. oktober står å lese på den førebelse cruiselista som til no har 122 anløp til Hellesylt og 188 båtar til Geiranger.

Kasta siste trosse

Presis klokka 13.00 onsdag la Balmoral med 1930 passasjerar frå kai etter at driftsleiar Inge Hole og hans medhjelparar på Hellesylt cruisekai hadde løyst alle trosser. På radio kalla Hole opp sjefsbefal om bord i Balmoral, takka for besøket som var båten sitt andre i år, bad vedkomande helse kapteinen, og ønska båt og mannskap velkomne tilbake. Like hyggeleg var svaret der det vart takka for god jobb og godt samarbeid med mannskapet på Hellesylt cruisekai.

Cruisebåten Balmoral ut frå Hellesylt og på veg mot Geiranger.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380