Lokalnytt

Best i kunnskapstest

Vinnarar i Quiz vart «Maja og Gamlingane», frå venstre Maja Flydal Ringdal, Sissel Sæten, Oddhild Stadheim, Odd Normann Hoff, Kåre Stadheim.

«Maja og Gamlingane» var uslåelege i haustens fyrste Quiz på Peer Gynt galleriet fredag kveld. Sigeren vart til slutt på åtte poeng.

Berre fire lag og 20 Quiz-deltakarar kom då Peer Gynt galleriet inviterte til kunnskapstest om «laust og fast» der Arild Ringdal og Egil Røyrhus presenterte 40 spørsmål som hadde varierande vanskeleggrad. Fleire grubla på rette svar, noko «Maja og Gamlingane» ikkje gjorde. I fyrste bolken på 20 spørsmål samla laget 17 poeng, og i siste vart det full skår med 23 av 23 poeng, til saman suverene 40 poeng.

«Under Kopen» kom denne gong på andre plass med 32 poeng, «Veit ikkje» fekk 26 poeng og «Over Kopen 20 poeng.

Vellukka Quiz sjølv om frammøtet var i minste laget. Ny kunnskapstest blir i haustferieveka, 6. eller 13. oktober, fekk vi opplyst.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380