Familiegudsteneste søndag

Sunnylven kyrkje er pynta i haustfargar til gudsteneste og hausttakkefest. Jobben gjorde, frå venstre Marit Hellebostad, Anne Grete Hjelmeland Hole, Anne Marie Sømoen Frøysa og Inghild Storstein.

Søndag er det familiegudsteneste og hausttakkefest i Sunnylven kyrkje. Og som tradisjonen er har Sunnylven Bygdekvinnelag pynta til takkefesten.

Vakre Sunnylven kyrkje er vakrare enn nokon gong til gudsteneste klokka 11.00 søndag 1. oktober. Medlemer frå Bygdekvinnelaget har «hausta» i naturen og pynta så vakkert både i midtgangen og i koret. Pyntejobben blir gjort mellom medlemer i Langedalen og Sunnylvsbygda annakvart år, i år var det «Bygdarane» sin tur.

Gudstenesta er ved sokneprest Stein Karstensen. Det blir offer til kyrkjelydsarbeidet i Sunnylven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380