Fem gryter fårikål
Siste torsdag i september er Fårikålens dag. Hos Ole Ringdal AS på Hellesylt vart dagen markert med servering av festmaten til 90 tilsette.
På mange kjøkkenbord og restaurantar har gryter med fårikål, Norges nasjonalrett blitt ausa opp torsdag 28. september. Også ved kjøttvareprodusenten Ole Ringdal AS vart det ein festdag med servering av fårikål, laga av årets råvarer av dyktige kokker.
Frå husmannskost til festmat
Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal hadde alliert seg med Sunnylven Bygdekvinnelag i koking av dagens gobit som i eldre tid var rekna som husmannskost, men som no er festmat og av Ni-timen kåra til Norges nasjonalrett.
I Bygdekvinnelaget er der mange dyktige kokker som kan å koke i store gryter. Leiar Anne Grete Hjelmeland Hole fortalde at dei fekk seg levert alt, fårekjøt, kål og heil svart pepar. Kokinga gjekk som tenkt og Fårikålen var ferdig i rett tid, til klokka 12.30. Poteter kokte bedrifta sjølve.
Slaktar 20.000 dyr
Fem store gryter vart transportert til kantina ved Ole Ringdal AS. I det fine veret vart maten ausa opp på tallerkenar av dei fem kokkene og tilsette kom og gjekk og forsynte seg.
Fårikålens dag vart markert for aller fyrste gong ved Ole Ringdal AS. Kanskje blir serveringa i lunsjpausen ei årleg markering heretter. Ved kjøttvarebedrifta er der i alle høve ikkje mangel på fårekjøt. Ole Ringdal AS på Hellesylt slaktar rundt 20.000 sau og lam i haustsesongen og alt er frå norske bønder. Og det aller meste av slaktedyr kjem frå bønder i nærområdet så dette er kortreist mat, seier dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.
Ringdal fortel at hovudproduktet av sau og lam er fenalår og pinnekjøt, men også lammekotelettar og andre middagsvariantar aukar på. Og kvaliteten på slaktedyra er stort sett god i år, så det ser ut til at dyra har hatt ein fin beitesommar.
Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal fekk fyrste tallerken meed gosakene på av kokkene frå bygdekvinnelaget. Frå venstre Laila Røyrhus, Anne Grete Hjelmeland Hole, Solfrid Frøysadal, Inghild Storstein, Kjellaug Tronstad.