Fullklaff for Sunnmørsstemnet

Siste dans under Sunnmørsstemnet 2017 var ved Sunnylven skule søndag.

Eit vellukka Sunnmørsstemne vart avslutta med fells danseoppvising på asfalten ved Sunnylven skule. Ei kjekke helg var til endes.

Leiar i Sunnmøre Frilynde Ungdomslag, Marianne Fivelstad fekk både ja og nei til svar då ho ved avslutninga søndag spurde stemnedeltakarane om dei var slitne etter ei lang helg. Men på spørsmålet om dei hadde hatt det kjekt var svaret eit unisont ja. Kvar neste års Sunnmørstemne blir var ikkje klart enno, sa ho.

Sunnmørsstemnet 2017 med Hellesylt Ungdomslag som arrangør er over. Tilbakemeldingane frå dei tilreisande har vore berre positive, fortel Marianne Fivelstad. Det vart på alle måtar eit vellukka arrangement i flott haustver og eit av dei aller beste nokon gong, lyder kommentarane. På leiarmøte fekk HUL høyre at då innbydinga og foldarane med frie aktivitetar kom, fekk borna problem med å bestemme seg for aktivitet, det var så mange og gode å velge mellom. -Vi ville ha mange aktivitetar slik at deltakarane kunne delta i mange mindre grupper, for då blir alle med og ingen ståande å sjå på, seier Marianne Fivelstad. Ho takkar alle som har hjelpt til, for det er mange. Og mange av kakene på det Sunnmørske kakebordet søndag var baka og levert av folk som ikkje har med born i barnelaget i HUL. Det synest leiaren var kjempeflott.

Fekk blomar

Stemnet vart avslutta med danseframvising ved Sunnylven skule søndag. Her deltok alle, fyrst i tre songdansar, og deretter i både polka, mexikansk vals og meir til musikk.

Leiar i barnelaget i HUL, Wenche Høgalmen Ringdal takka alle som hadde vore positive og hjelpt til og det var ikkje få, sa ho. Og ho retta takk til alle tilreisande som kom på stemnet og gjorde helga triveleg. Det same gjorde Marianne Fivelstad som også hadde med blomar frå Sunnmøre Frilynde Ungdomslag til fleire, Wenche Høgalmen Ringdal, Ann Kristin Wollsæter, Randi Sæter, Petrin Friestad, Susanne Ringdal, Lillian Støverstein.

Rominspeksjon

Ho hadde også ei lita gåve, ein pakke twist til «onkel og tante» under stemnet, Jarl Vegard Røyrhus og Amalie Flo. Dei hadde ellom anna gått rundt og kika på kva overnattingsrom på skulen som var mest ryddig. Mykje var bra på fleire, men best gjennom heile helga var rom 8 der 1- 5 klasse frå Sunnylven heldt til. Dei fekk ein pose twist som blir å dele med andre på neste danseøving.

Fleire i arrangørstaben fekk blomar av Sunnmøre Frilynde Ungdomslag. Frå venstre Lillian Støverstein, Susanne Ringdal, Ann Kristin Wollsæter, Petrin Friestad, Frå høgre Randi Sæter og Wenche Høgalmen Ringdal. Utdelarar var Marianne Fivelstad og Svein Rolf Dimmen, begge frå leiinga i Sunnmøre Frilynde Ungdomslag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380