Gode i Oslo Maraton

Anniken Hjellbakk Hole t.v. og Kari-Anne Tryggestad Ryste etter fullførte løp i Oslo Maraton i 2012. (Foto frå arkivet)

Oslo Maraton vart arrangert laurdag 16. september. Frå Sunnylven IL deltok Kari-Anne Tryggestad Ryste og Anniken Hjellbakk Hole.

Både Anniken Hjellbakk Hole og Kari-Anne Tryggestad Ryste leverte sterke løp i gatene i hovudstaden under Oslo Maraton laurdag. Anniken deltok i halvmaraton og Kari-Anne sprang den doble distansen for tredje gong.

På halvmaraton kom Anniken Hjellbakk Hole i mål til 15. plass i damer 24-34 på 1.30.47. Tida heldt til 32. plass totalt uansett klasse over ca. 21.0 km.

Kari-Anne Tryggestad Ryste deltok i Oslo Maraton for sjuande gong, fire på halvmaraton og i år tredje Maraton. I ei ny hard løype kom ho i mål til 8. plass i damer 50-54 og sterke 3.40.31. Tida gav 84. plass totalt mellom damer i Maraton.

Frå Oslo Maraton. Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL, midt på bildet sprang inn til 15. plass i klasse 24-34. på halvmaraton. (Foto: Privat)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380