Godt ver på valdagen

Ordførar Jan Ove Tryggestad var tidleg ute og leverte si stemme ved røystelokalet i heimbygda. På bilde frå høgre; Ivar Frøysadal, Kari Hauso Stadheim, Rolf Arne Ljøen.

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp) avga si stemme tidleg og like etter at røystelokalet på Hellesylt hadde opna klokka 09.00. Også fleire andre kom for å gjere si borgarplikt.

Det var godt ver då sunnylvingane gjekk til røystelokalet på Sunnylven samfunnshus måndag 11. september. Røystelokalet der er ope mellom kl. 09.00 og kl. 18.00. Opningstider ved andre røystelokale i Stranda kommune er; Ringstad, 09.00 – 20.00, Liabygda, 12.00 -18.00, Geiranger, 09.00 – 16.00.

Ved stortings –og sametingsvalet i Stranda har 3176 personar stemmerett. Ved valet i 2013 røysta 2448 personar, ein stemmeprosent på 76.21.

Ved kommune –og fylkestingsvalet for to år sidan røysta 2286 i Stranda som gav ein frammøteprosent på 64.46.

Fleire klasser ved skulen på Hellesylt besøkte røystelokalet og fekk informasjon om valet. Her blir elevar og lærar Susanne M. Ringdal informert av Stig Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380