Haust-Quiz på Peer Gynt galleriet

Fredag 6. oktober blir det haust-Quiz på Peer Gynt galleriet, Hellesylt. Møt opp og bli med på tevling i allmennkunnskap, seier quiz-master Arild Ringdal.

Haust-Quiz kallar arrangøren kunnskapstesten fyrste fredag i oktober. Rett nok er det ny-måne i følge almanakk for Norge og hjortejakta er i full gong. Arild og Egil er spente, men håper at også dei ivrigaste jægerane tek seg tid til å kome på quiz på Peer Gynt galleriet.

Arild Ringdal og medhjelpar Egil Røyrhus kjem med 40 spørsmål i to bolkar, vanleg allmennkunnskap og frå den nære fortid. Det er berre å følgje med på nyheiter og om ein vil lese seg litt tilbake så kan alle svare på spørsmåla, seier Arild Ringdal.

Det er inga påmeldingsfrist. Møt opp og bli med på haust-Quiz fredag 6. oktober. Dørene opnar kl. 19.00 og Quiz-en startar kl. 19.30.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380