Hege Ringdal best i motbakkeløp

Hege Ringdal, Sunnylven IL sprang seg til topps bokstaveleg tala i motbakkeløpet Saksa Opp på Halsa, Nordmøre i dag. Ho vann mellom damene uansett klasse.
Med sigeren i dag vann Hege Ringdal Sparebanken Møre Motbakkecup 2017 for kvinner under 20 år. Saksa Opp var siste løpet i motbakkecupen.
Løpet gjekk under tørre forhold, men vinden gjorde det utfordrande på deler av løypa måtte en vere våken for ikkje å blåse over ende, fortel rapportane frå fjellet i Halsa.