Heim frå Oaldsbygda

Heimreisa frå sommarbeite i nyebåten til Bonsaksen gjekk godt for alle.

Laurdag kom fyrste båtlastar med sau frå sommarbeite i Oaldsbygda tilbake til Hellesylt. Om bord i lekterbåten var 48 flotte dyr.

I mai frakta sauebonde Per Kjell Leite 152 dyr til Oaldsbygda, den fråflytta fjordbygda i Sunnylvsfjorden. Der skulle dyra få ein fin sommar med rikeleg, saftig verdsarvgras og andre gosaker av vegitasjon. No var det tid for sanking og til det hadde sauebonden fått hjelp av fem andre spreke karar.

Resultatet etter fyrste sankardag vart fantastisk bra, seier Per Kjell Leite på mobiltelefonen frå Oaldsbygda. Han var på veg opp bakkane til Midtgard etter å ha sendt andre båtlast med ullklede firbeine mot Hellesylt igjen. Vel nitti dyr kom heim i fjøset på Tryggestad laurdag, men sankarane hadde kontroll på meir, kunne Leite fortelje. Ny tretti dyr stod i ei innhegning og fjorten andre var observert og skulle hentast.

God sanking

-Vi har kontroll på over 130 dyr etter fyrste sankardag, men vi blir her også i morgon så vi har tru på at vi skal finne fleire dyr alt denne helga, sa Per Kjell Leite og la til; -Eg er kjempefornøgd med resultatet. Sist vi hadde sau på sommarbeite her for to, tre år sidan vart det store tap grunna angrep av rovdyr. Det ser ut til at vi har unngått i år.

Bonde Per Kjell Leite har fleire av sauerasane i buskapen sin, Dalasau og Ryggja, det som no har fellesnemninga Norsk kvitsau, og han har spelsau og pelssau. Frå Hellesylt vart dei frakta til fjøset på garden der sauene skulle sorterast til livdyr og slaktedyr.

Fyrste sauelast er levert og turen går ut Sunnylvsfjorden til Oaldsbygda for eit nytt lass.

Har kjøpt lekterbåt

Transporten til og frå Hellesylt til Oaldsbygda går med båt. Den timelange båtturen har blitt utført av Bonsaksen, båteigarar på Øvre Ljøen. Til sesongen i år er det blitt investert i ein lekterbåt med høge grindar på alle sider og som har plass til 40 – 50 dyr. Ole Hjalmar Bonsaksen som utførte transporten laurdag har laga ein spesiell landgang slik at sauene går sjølve frå lekterbåten til dyretransportvogna i staden for å bli løfta etter ulla. Ein søknad om støtte til denne viktige anskaffelsen for å utnytte og pleie eit kulturlandskap i Verdsarvområdet vart ikkje innvilga, fekk vi opplyst.

«Som perler på ei snor». Mange var på plass for å hjelpe med avlessing på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380