Lokalnytt

Hellesylt Ungdomslag klare til stemneinnrykk

Hellesylt blir treffstad for born og unge helga 22. til 24. september. Då blir Sunnmøre Frilynde Ungdomslag sitt Barnestemne arrangert.

Vertskap for Barnestemne 2017 er Hellesylt Ungdomslag. Laget er førebudd på storinnrykk og til no er 130 born og unge påmelde, opplyser Wenche Ringdal, leiar i barnelaget i HUL.

Hellesylt Ungdomslag som er eitt av dei største på Sunnmøre var tilskipar av Barnestemnet også i 2011, eit vellukka arrangement i fint ver. Også denne gongen håpar arrangøren at veret spelar på lag, for då blir alt så mykje lettare å avvikle, naturleg nok.

På slike stemne blir det mykje musikk og dans, men også fleire andre aktivitetar, litt for ein kvar smak, kan vi lese av programmet. Men dans vil dominere og mykje vil foregå ute slik at publikum lett kan få det med seg.

Stemnedeltakarane kjem til Hellesylt fredag kveld 22. september for innkvartering og gjerne for å bli litt kjende med kvarandre. Det blir diskotek til rosignalet går klokka 00.00. Laurdag startar det opp med varierte aktivitetar, mellom anna med danseoppvisning ved butikkane i sentrum rundt klokka 10.30, opplyser Wenche Ringdal. Søndag blir det stemnegudsteneste og deretter stemnetog med flaggborg via omsorgssenteret til samfunnshuset. Der blir det middag, kaffi og kaker før hovudstemnet startar opp klokka 14.00. Då skal alle 130 danse samdansprogrammet. Dette er berre litt av det som skal skje under langhelga på Hellesylt.

Det blir masse liv og røre under stemnet frå fredag 22. til søndag 24. september, lovar Wenche Ringdal. Og Hellesylt Ungdomslag mønstrar ein stor og dyktig stab av foreldre og andre for å gjere helga triveleg for alle som kjem til Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380