Innsamling for demenssaka

Nasjonalforeininga for folkehelsa har i desse dagar sin årlege innsamlingsaksjon for demens-saka. Denne veka kjem bøsseberarar rundt i Sunnylven.

På Stranda er innsamlingsaksjonen for demens alt gjennomført. Denne veka får alle husstandar i Sunnylven besøk av elevane i 9. klasse ved Sunnylven skule som kjem rundt med innsamlingsbøsser.

Onsdag eller torsdag

Dei kjem rundt onsdag eller torsdag denne veka (veke 39), opplyser Arild Ringdal i innsamlingsaksjonen i Stranda. -Ta godt imot bøsseberarane og støtt opp om årets innsamling. Ditt bidrag går til ei god sak og i tillegg får elevane 15 prosent av innsamla beløp til elevkassa si. Vi har hatt innsamlingar i Sunnylven også tidlegare og fått stor støtte så vi håper på eit godt resultat også denne gongen, seier Arild Ringdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380