LokalnyttLokalsport

J16 med sterk bortesiger

Sunnylven J16 avbilda etter 7-4 siger mot Hødd. (Foto: Jorun Trøen)

Sunnylven J16 møtte Hødd på bortebane måndag og reiste heim med alle poenga etter siger 7-4.

J16-laget til Hødd hadde vunne alle sine kampar i serien i haust. Mot Sunnylven kom fyrste tap for laget.

Sunnylven sine raude og blå leverte alle flott innsats i kampen og med Sara Sæther i brutal skåringsform måtte Hødd sin burvaktar etter kvart hente sju ballar ut frå nettmaskene. Det vart seks skåringar på kretslagsspelaren og eitt mål på Mathilde Tryggestad Forbord. Ikkje rart at det var jublande jenter som drog heim frå Ullsteinvik etter haustens andre bortesiger.

Sunnylven J16 spelar i 2. div. avdeling B. Her leiar Hødd etter fire kampar med 9. poeng. Hareid med tre kampar har 6. poeng, det same som Sunnylven. Bergsøy og Gursken/Tjørvåg er utan poeng så langt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380