Jon Georg Dale besøkte Øvre Ljøen

Det vart ikkje berre prat om jordbruk då landbruk –og matminister Jon Georg Dale (Frp) og fleire frå lokallaget i Stranda besøkte Øvre Ljøen laurdag. Også den store turistsatsinga på garden fekk mykje merksemd.
Med både statsråd og fleire lokalpolitikarar til stades orienterte Bente Bonsaksen og sønene Ole Hjalmar og Magne om satsinga på fleire turistrelaterte tiltak det siste året. Det er bygt opp eit stort amfi like ved tunet med seteplassar til 300 personar og der det har blitt arrangert fleire konsertar alt. På garden har dei i tillegg til sau satsa på lama, gjetarhundoppvisning for grupper med cruiseturistar og andre, det blir tilbereda skinn av villsau, og på fjorden tilbyr dei båttransport og rib-turar. No ynskjer dei å kjøpe det gamle kaihuset på Hellesylt til oppbevaring av varmedressar for rib-turane, eit kjøp som ikkje er i orden.
Nye tilbod
Satsinga på nisjetilbud er ikkje ferdig, kunne familien fortelje. Snart skal det produserast vin av bær frå garden og utmarka om Mattilsynet godkjenner lokala, og til vinteren skal den gamle låven utbetrast til opphald –og servering for gjestar.
-Heile familien har vore med og delteke i arbeidet og det har blitt nokre timar på dugnad. Det har også vist seg at det tek tid å bygge opp verksemda og gjere den kjent, sa Bente Bonsaksen.

Imponert minister
Landbruk –og matminister Jon Georg Dale lytta interessert til det han fekk seg fortalt av familien Bonsaksen. Vi stilte han spørsmålet kva han tykte om den uredde satsinga deira.
-Veldig bra, dei bur på ein flott plass og har fått i stand ei eventyrleg utvikling av ressursane alt. Her på Ljøen viser det at norsk jordbruk er mangfaldig. I tillegg til vanleg gardsdrift med sau og lama satsar dei stort på tilbod på turistgrupper, noko som er gledeleg, sa Jon Georg Dale.
Arbeid og produksjonsdeling
-Eg er oppteken av at det skal vere lønsemd i det ein driv, at det skal løne seg å investere. Og norsk jordbruk går godt og mange satsar stort og investerer 8. – 10. mill. kroner i nye moderande fellesfjøs. Men vi treng også dei små bruka for å produsere maten vår. Vi må ha ei arbeidsfordeling i norsk jordbruk meinar eg, til store protestar frå fleire. Austlandet bør ta seg av å produsere korn, frukt og grønnsaker, og resten av landet mellom anna vestlandet bør satse på gras og husdyr. Øvre Ljøen er ingen liten gard i vestlands målestokk med sine 100 sau. Snittstorleiken på eit sauebruk ligg på 60 dyr. Plassen vil ha ei framtid som gardsbruk med den kombinasjonsdrift som det er lagt opp til, sa Jon Georg Dale.
