Låg under ved pause, vann til slutt

Sunnylven G16 møtte Spjelkavik 2 på Hellesylt stadion torsdag. Der vart det siger til slutt.
Sunnylven G16 låg under 1-2 ved pause mot Spjelkavik 2 på Hellesylt stadion torsdag kveld, men ein forrykande andre omgang med mange mål enda med 7 – 5 siger til heimelaget. Målskårarar for Sunnylven var Kristian Frøysadal Hauge 3, Jakob Sæther 3, og Espen Ringdal 1 mål.
Sunnylven G16 spelar i 4. divisjon 9-ar lag. Tidlegare i haust har dei møtt Hessa/SIF og tapt knepent 5-4. Mot Spjelkavik 2 var andre kamp, men alt søndag 3. september møter dei Hødd 3 på Hellesylt stadion kl. 14.30. Og 7. september kjem MSIL til Hellesylt stadion. Den kampen går kl. 18.30.