Mange og varierte aktivitetar

Det naturskjønne området ved Helsetvatnet var myldreplass for kos og kajakkpadling.

Det var mange «frie aktivitetar» å velge mellom under Sunnmørsstemnet laurdag ettermiddag. Vi var innom fleire, men ikkje alle.

På Sunnylven skule vart det jobba på fleire rom, mellom anna på sløydrommet. Her var det høve til å lage seg fuglebrett med tak på. Instruktør Gunnar Friestad hadde gjort mykje forarbeid og kappa opp dei ulike delane, så no var det for deltakarane å spikre dei saman. Mange fuglar rundt om på Sunnmøre blir nok glade for at kring 15 deltok der.

På skulekjøkkenet var oppskrifta leita fram og baking av smørbrødkjeks på gong, i gymmsalen øvde ei gruppe på ein spesiell dans, og i den vesle salen var det valfrie aktivitetar.

Vi tok turen til badestranda på Hellesylt der utfordringane gjekk både på styrke og presisjon, frå saging og spikring, øksekast, til skyting på blink med pil og boge. Ansvarleg for aktivitetane her var Jens Arve Forbord.

På Helsetvatnet var to trøbåtar i bruk og padling med kajakk. Vestar og kajakkar var utleigd av Sunnmøre Friluftsråd og dei 17 som deltok vart rettleia av Inger Line Flydal med Linn Kammen og Wenche Høgalmen Ringdal som hjelparar. I påsyn av ein flokk kyr og kalvar som framleis naut utelivet, meistra alle padlinga flott. Det vart trivelege timar i sola i det flotte naturområdet ved Helsetvatnet.

Mange småfuglar på Sunnmøre vil få fine matarplassar og kan sjå vinteren trykt i møte.

På skulekjøkkenet skulle det bli gode bakevarer.

Å slå ned spikar med ferrast mogleg slag er også ein kunst.

Stor båttrafikk på Helsetvatnet av trøbåtar og kajakkar.

Øksekast på blink var ikkje lett. Det krev både styrke og ikkje minst presisjon.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380