Mange på triveleg pårørandefest
Laurdag inviterte pårørandeforeininga ved Sunnylven omsorgssenter til fest. Samlinga i daglegstova vart triveleg med både underhaldning, god servering og mykje prat.
Leiar i pårørandeforeininga Arne Ringdal ønska vel møtt til ei heilt fullsett daglegstove. Han hadde tru på at det vart ein triveleg fest, og lova god servering. Og begge deler vart som lova, kakebordet var både stort og variert med nysteikte vaflar i tillegg, og speleglade musikarar laga stemning og fekk forsamlinga med i allsong. Her var det meste av kaker, kaffi og meir for eit triveleg samvær.
Musikalsk underhaldning
Og underhaldninga svinga lystig. Trioen Knut Hanssen, Halvard Urke og Oddmund Espe drog opp den eine glalåten etter den andre. Dei starta med «Drømmen om Elin» og heldt fram med fleire i valsetakt som «Måkeskjærsvalsen», «Kostervalsen» og «Se der danser bestefar». Også eldfulle tangorytmer, litt ragtimemusikk før Knut Hanssen song «Har du fyr». At forsamlinga også var med i songen fortalde vel at dette var innslag bebuarane ved omsorgssenteret sette pris på.
Nytt styre
Etter servering og program var det åresal med utlodding, og deretter vart det halde årsmøte i pårørandeforeininga med val. Heile styre med Arne Ringdal, Annfrid Sæther og Kjell Hole hadde sagt frå seg attval av ulike grunnar. Dei nye i styret for pårørandeforeininga ved Sunnylven omsorgssenter vart; Frank Øksvang, Liv Norunn Langeland og Bente Tryggestad.