Lokalnytt

Markerte fullført prosjekt på Kurlå

Kåre Løvoll har kutta silkebandet og ærklærer Kurlå ferdig restaurert. Til høgre styreleiar i Storfjordens Venner Kjell Løseth, og til venstre prosjektleiar Odd Normann Hoff.

Storfjordens Venner har fullført restaureringa av stovehuset på husmannsplassen Kurå ved Åseneset. Meir enn 40 personar var til stades under markering med snorklipping onsdag.

Det var Kåre Løvoll, Storfjordens Venner sin fagmann i restaureringsprosjekt som fekk æra av å klippe over silkebandet i nasjonalfargar og erklære Kurleprosjektet for ferdig restaurert. Styreleiar i organisasjonen, Kjell Løseth og prosjektleiar for arbeidet på Kurlå, Odd Normann Hoff heldt kvar sin ende av silkesnora. Begge viste begeistring ved den historiske hendinga slik også 40 andre frammøtte gjorde.

Øksa til material

Under markeringa på Kurlå onsdag 13. september vart det taler, orientering om prosjektet og om staden og tre andre husmannsplassar på og i nærleiken av Åseneset. Huset på Kurlå er det einaste, men har blitt eit flotte bygg og så nær rett renovert som det går ann å gjere det. Kåre Løvoll og arbeidslaget som har utført arbeidet har mura med gråstein og kløyvd og øksa byggemateriale, mellom anna er det laga heile 70 kvadratmeter med bordkledning på denne måten, fortalde Løvoll. Dei hadde prøvd, men om arbeidet hadde blitt hundre prosent historisk rett visste han ikkje.

Styreleiar Kjell Løseth styrte arrangementet og etter å ha ønska vel møtt gav han ordet til Rolleiv Berge som fortalde om folket og dei siste som budde på Kurlå.

Kostar pengar

For sju, åtte år sidan var huset på Kurlå i svært dårleg stand og heldt på å ramle ned. I 2011 kom tanken om restaurering opp etter innspel frå Knut J. Tryggestad, fortalde prosjektleiar Odd Normann Hoff. Etter at grunneigar kom på bana vart det laga kostnadsoverslag og sendt inn søknad. Restaureringa vart kalkulert til 1.5 mill. kroner. Å drive restaurering på ein slik plass og av eit hus i så dårleg forfatning, mellom anna med dårlegare grunnmur enn antatt, kostar pengar. All materiale har blitt fraktast ut med helikopter, og sluttrekninga viser vel 1.3 mill. kroner. Arbeidet vart avslutta med torvtekkingsdugnad i oktober i fjor sa Hoff.

Kurleprosjektet skulefag

Lærar Kari Hauso Stadheim fortalde om elevane si deltaking på Kurlå i 2015 og 2016. Det vart mest rydding av skog og kratt på området, men også nyttig læring for fleire skulefag som teikning, matematikk og naturfag. Av trevirke som elevane tok med heim til skulen frå husmannsplassen laga elevane trestigar, små juletre av pinnar og andre ting. Prosjektet på kurlå vart avslutta med deltaking på Grøn Fjord-konferanse i Geiranger, mars 2016. Sunnylven skule får lov å bruke Kurlå som «klasserom» og har fått eigen nøkkel til huset.

Helge Årset har vore god medhjelpar med råd og hjelp ved søknader.

Fylkeskommunen gratulerte

Fylkeskommunen var representert ved Helge Årset. Han gratulerte Storfjordens Venner med eit flott utført prosjekt. Han prøver å hjelpe organisasjonen med å få tak i pengar, men også gje gode råd, sa han. Saksgangen er søknad og så melde denne inn til riksantikvaren som årleg har ein sum til fordeling, noko det er stor konkurranse om mellom fylkeskommunane. Årset var glad over å høyre om deltaking av elevar ved Sunnylven skule i Kurle-prosjektet. Det tykte han var flott, at restaurering også kunne vere til læring for elevar.

Fekk øks i gåve

Etter servering av Geirangerbakst og Morzell var det klart for offisiell opning og snorklipping. Kåre Løvoll utførte det ærefulle oppdraget, like godt og trykt som resten av jobben på Kurlå. Til sist delte styreleiar Kjell Løseth ut gåver til sentrale personar både i prosjektet og under opninga. Og gåva var original, men symbolsk, ei øks til kvar av desse fem, Kåre Løvoll, Harald Årseth, Odd Normann Hoff, Rolleiv Berge og Arne Ringdal.

Mange møtte fram til markeringa på den idylliske staden ved Sunnylvsfjorden.
«Kurlestova», eit stasbygg og så nær hundre prosent rett renovert som råd.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380