Lokalnytt

Markerte Sanitetens veke på Hellesylt

Sanitetsdamer tok med pensjonistar frå Omsorgssenteret på trilletur heilt inn til Hellesylt stadion og tilbake gjennom sentrum.

Det vart utdeling av gåver, kaker, kaffi, vaflar, lotteri og trimtur då Sunnylven sanitetslag markerte Saniteten si veke.

Sunnylven sanitetslag hadde tilbod til både unge og gamle i veke 39 då laget markerte Saniteten si veke 2017.

Tidleg i veke 39 fekk alle elevar i fyrste klasse på Sunnylven skule kvar sin handduk påsydd namnet sitt og sanitetslaget sin logo.

I slutten av veka profilerte sanitetsdamene organisasjonen i Hellesylt sentrum med opplysningar i folderar og med arrangement. Fredag var det kaffistund for bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter. Mange kom til serveringa i daglegstova, andre fekk kaffi og kaker servert på romma sine. Ei triveleg sosial stund som sanitetslaget fekk gode takkeord for.

I Hellesylt sentrum hadde laget stand med sal av kaffi og vaflar, og mange prøvde vinnarlukka med kjøp av snurrelodd. Sanitetslaget hadde også organisert og gjort avtale for pensjonærar ved omsorgssenteret som hadde lyst ut på tur i det fine haustveret. Nokre fekk transport i rullestolar, andre sat godt i ein av tursyklane som omsorgssenteret har. I alt fem eldre slo til på tilbodet og fekk seg tur inn til Hellesylt stadion og rundt om i sentrum.

På rusletrimmen deltok over tretti, ein spasertur frå sentrum til trimposten på Shellkaia som har eit fast innslag i Saniteten si veke. Her var stor variasjon i alderen, frå to år til godt over nitti, men her gjeld mottoet om at det viktigaste ikkje er å vinne men å delta. Ved målgang vart det servert forfriskingar av frukt og drikke.

 

Det vart servert kaker og kaffi på omsorgssenteret fredag.
To eldre sanitetsdamer på stand for å kose seg med kaffi og vaflar, Hildur Vollset til venstre og Eline Fivelstad.
Og to yngre jenter som hjelpte med loddsalet, Marta til venstre og Ingeborg.
Halvvegs på rusletrimmen, ved posten på Shellkaia.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380