Lokalnytt

«Onkel og tante»

«Tante og onkel», Amalie Flo og Jarl Vegard Røyrus hadde eitt trøsteoppdrag og det ordna seg. Alt har gått fint heile helga, fortel dei to.

Jarl Vegard Røyrhus og Amalie Flo var «onkel og tante» under Sunnmørsstemne på Hellesylt. Jobben var grei, det har gått fint, fortalde dei.

-Vi har hatt få oppdrag, men det har blitt lange dagar. Vi er vel av dei siste som har gått til ro om kveldane, og dei fyrste om morgonen. Då har vi hatt jobben med å vekke alle slik at dei har fått seg frukost. Og lyden av «vekkarklokka» har vore som frå ei dommarfløyte, så det har fått alle på beina.

-I tillegg har vi inspisert kor rydding deltakarane har hatt det på romma på skulen. Det beste rommet skulle premierast. Vi såg mykje bra, men også ein del som ikkje var så bra. Premien gjekk til unge deltakarar frå HUL, fortel Amalie og Jarl Vegard.

-Som sagt har det vore lite å hjelpe med, men ein gong måtte vi trø trøstande til. Då var det nokre av dei største som hadde skremt nokre av dei yngste, men det gjekk bra også det. Alt ordna seg, fortalde «onkel og tante» på Sunnmørsstemne.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380